Eit norsk programvareselskap for landbruket.
Agrica AS utviklar digitale verktøy som gjer det enklare for bonden å ha oversikt og ta gode val for garden.
Kven vi er
Agrica AS utviklar programvare for norske gardsbruk. Selskapet vart etablert i 2026 og held til i Eiken i Agder.
Vi utviklar verktøya i tett samarbeid med bønder, og testar dei i vanleg drift før dei blir lanserte.
Det vi lagar
Vårt første produkt er Anifeed, gardsappen for fôrøkonomi og fôrprognose.
Fakta
- Namn
- Agrica AS
- Org.nr
- 938 463 069 MVA
- Etablert
- 2026
- Adresse
- Rudlendeveien 159, 4596 Eiken
- E-post
- [email protected]
Det vi står for
Bonden eig dataa
Data frå garden høyrer til garden. Bonden bestemmer kven som får tilgang, og kan alltid ta dataa med seg.
Utvikla saman med bønder
Vi lagar verktøya i lag med dei som skal bruke dei, og alt blir testa i vanleg drift før det blir lansert.
Laga for norsk landbruk
Tilpassa norske reglar, tilskotsordningar og driftsformer.
Enkelt å bruke
Det skal gå raskt å registrere og vere lett å finne det du treng, ute på skiftet, i fjøset og på kontoret.